onsdag 6. oktober 2010

bilen vår er funnen

Ja da kan eg meddele at bilen vår har komt tilbake til parkeringsplassen, der den høyrer heime! :D ENDELEG!! Etter 55 dager (etter det eg klarar å telle...) uten bil, var det påtide å få den tilbake ja!
No har vi lært at vi ikkje skal sjøsette ein bil, ivertfall ikkje Saaben!
No er det einaste viktige på bilen er sommardekk til neste år, og sette på ny venstre grøftelykt.
For dei som ikkje huskar det, so klarte vi å knuse grøftelykta og alt som har med spylarveske-tanken når vi skulle ha den på parkeringsplassen her ute, før vi skulle sende den vidare til Saab-verkstaden.
Vart ein dyr lærepenge, men eg trur ikkje vi kjem til å gjere det igjenn.

No skal vi sette på ekstralyktene igjenn, slik at vi ser bedre når vi er ute å kjøyre, i håp om vi ser i god tid slike skumle farar langs eller på veien. ;)

I følge Lars Martin, so er den nye motoren vår litt bedre enn den som var i. Men vi har ikkje enda kjøyrt en liten langtur for å skjekke om den brukar mykje olje, det får vi kansje prøve oss på søndag, dersom vi skal kjøyre Tale heim att til austlandet.

Ingen kommentarer:

Følgere