lørdag 16. oktober 2010

Kvil i fred kjære Sid!!!








<3 Natta kjære Sid <3
Sove godt!


Vi er so utrulig glad i deg, kjem aldri til å gløyme deg!

Du er virkelig djupt savna. Har aldri møtt ein slik katt som hadde so sterk persoligheit som akkurat deg Sid!!! <3
Du levde virkelig opp til navnet ditt, det kunne ingen nekte. Alle la merke til deg og synest du var so stor men nydelig! <3

Lat var du til tider, men leiken kunne du! :) Du var leiken heilt fra begynnelsen til slutten. Lat, men masse energi. Stor men ikkje overvektig. Du kunne ikkje snakke skikkelig, men du klarte å få oss til å forstå kva du ville. Slostkjempe men og kosete og snill.

Du var til tide som eit menneske. Låg på rygg på sofaen og snokra tungt. Nekta å gå ut viss du ikkje ville. Gjøymte deg bak sofaen når du viste du gjorde noko som du ikkje fekk lov til. Følte skam viss du spydde inne. Aksepterte at nabopusen kom inn og fekk ete maten din. Du satt ofte på kjøkkenbordet og følte med det som skjedde ute. Du var ganske so nyskjerrig katt, som ville få med seg det meste. Du kom og trøsta oss viss vi hadde det tungt. Du likte å vere sosial. Fekk vi besøk, kom du og ville kose med dei. Følte deg heime over alt, til og med på Davik. Der hadde du onkel Solo som du kunne leike deg med. Dåkke leikeslost ofte, men like gode vennar før og etter på.

Var faktisk på hytta i Almenningen du trivdes best. Desverre so måtte vi flytte vekk der i fra. du var tolmodig og lærte fort kor du høyrte heime, enda du vart flytta på ein del gongar. Huska vi sleppte deg ut for første gong opp ved hytta, og du var på vei opp til veien. Då måtte vi rope på deg og kjæfte litt på deg, for du fekk ikkje lov til å gå opp til veien der som alle dei farlige bilane var. Du fekk respekt for bilar etter det. Du låg jo paddeflate langt ut i grøfta når det kom bilar, og såg etter om det var trygt å krysse veien. Men å ligge bak i buret i bilen, det kosa du virkelig med. Då låg du der rolig, smilte, kneip igjenn augene og sov. Du måtte aldri på do, heller ikkje den lange turen til Sverige. Men litt rastlaus vart du når vi stoppa, då var du so nyskjerrig på kor du hadde komt henn no. Husker at du ville absolutt ikkje inn i buret, der sleit vi å få deg inn, men når du var først inn i buret og komt deg i bilen, då var alt slikt gløymt.

Glømmer heller ikkje når du var på Davik, og vi kom for å hente deg. Du såg berre domt på oss og snudde rompa til oss. Du vart litt furten og fornærma på oss kvar gong. Men det tok ikkje lange tida før du kom og koste med oss og alt var glømt. Du var ein virklig hærlig katt!

Du vil altid vere ungen vår, uansett kor du befinner deg! <3

*Ingen over og ingen ved siden av*

<3 <3 <3 SID <3 <3 <3



Vi savna deg so vanvittig mykje!
Stor kos fra mamma og pappa





Utrulig nydelig, sjarmerandes og hærlig katt!!!




Sid kunne virkelig sitte og ligge som eit menneske.
Ein av dei rare posisjonane han hadde :)



Sid ser på ein av yngligsfilmane sine; "Istid 3"



Her slappa han av i buret når vi kjøyrte, koste seg veldig!



Siste jula på Davik. Heile familien var samla da. (2008)






R.I.P. SID <3

onsdag 6. oktober 2010

bilen vår er funnen

Ja da kan eg meddele at bilen vår har komt tilbake til parkeringsplassen, der den høyrer heime! :D ENDELEG!! Etter 55 dager (etter det eg klarar å telle...) uten bil, var det påtide å få den tilbake ja!
No har vi lært at vi ikkje skal sjøsette ein bil, ivertfall ikkje Saaben!
No er det einaste viktige på bilen er sommardekk til neste år, og sette på ny venstre grøftelykt.
For dei som ikkje huskar det, so klarte vi å knuse grøftelykta og alt som har med spylarveske-tanken når vi skulle ha den på parkeringsplassen her ute, før vi skulle sende den vidare til Saab-verkstaden.
Vart ein dyr lærepenge, men eg trur ikkje vi kjem til å gjere det igjenn.

No skal vi sette på ekstralyktene igjenn, slik at vi ser bedre når vi er ute å kjøyre, i håp om vi ser i god tid slike skumle farar langs eller på veien. ;)

I følge Lars Martin, so er den nye motoren vår litt bedre enn den som var i. Men vi har ikkje enda kjøyrt en liten langtur for å skjekke om den brukar mykje olje, det får vi kansje prøve oss på søndag, dersom vi skal kjøyre Tale heim att til austlandet.

mandag 4. oktober 2010

sjukdom i hus

Det begyndte med at eg og Lars gjekk til senteret for å sjå på skinnjakker, kledde meg kasnje litt for mykje klede, for det vart veldigt varmt å gå heimatt. Ein stund etter vi kom heim att, måtte selfølgeleg Lars kile meg som vanleg. Å da begyndte eg å hoste som berre det. Å dei som seie at å gå turar er berre sundt for kropp og sjel; dei lyg! Det endte opp med at først vart Lars Martin uggen i halsen, små hostar og litt slappe. Han slapp billigt unna, for no har eg gått i 3 dagar med stygge hosste, feber, smerter i magen/ryggen/hodet osv.(Faktisk i heile kroppen..)
Har hatt over 40 grader i feber, Lars sa at viss eg ikkje fekk ned feberen, so skulle han hive meg i dusjen med iskaldt vann. Eg blånekta på det, for eg fraus nukk fra før! :p Det skal litt til for eg skal ta slike drastiske tiltak, eller havne hos legen. Tok heller to panodil og håpte at feberen gjekk ned, nåke den ikkje gjor helt, berre so vidt. Den for ned til 39 grader og låg der ganske so lenge.
Det er nukk ikkje vanleg forkjølese dette her desverre, men heldig vis blir eg ikkje so fort sjuke! *bank i bordet* Det blir nukk berre ein gong i året sjuke på meg. ;)

Det minnar meg om for litt over eit år sidan, når eg og Lars for til Sverige. (Faktisk hit i "Challa".) Da fekk eg ein kraftig halsbetendelse, måtte begynne på antibiotika når eg kom heim til Noreg. symtomane er ganske so like, og eg orkar ikkje å ta slik kur igjenn no, so eg droppa heller å gå til legen. Lars trur at eg har fått bronkitt, men eg tvilar på det. Følar meg mykje bedre no i dag enn det eg var i går og forrige dagen. Heldig vis!!

Følgere