No har vi besøk fra Sandefjord, trur ikkje eg har sett dei sia jul. Dei campa bort me svigers, men akkurat no er dei på besøk hos oss. Men det første dei gjer er faktisk å sjå på bråkete fotballkamp. Synest det er litt vel drøyt! Har ikkje sett dei på over eit halvt år, og so kjem dei for å sjå på fotball.. HALLO?? Tenk om eg kjem og skal besøke dåkke, og første eg gjer er å slå på tv`n og sjå på bråkete fotballkamp og rope høgt når det er nesten skåring. Då gidd eg faktisk ikkje å vere høffeleg og "sosial" med dei. Akkurat no so sitter eg inn på soverommet og gjere alt anna enn å sitte ute i stova og sjå på nokre fotballag som eg faktisk har aldri høyrt om, eller har ikkje peiling på kor dei kjem ifra. -NEI TAKK!
Har sakt det til Lars mangen gonga at eg synst det er litt vel drøyt at dei kjem hit berre for å sjå på fotball, når ingen av oss husvertane interresere seg for VM. Men han seie berre att "Ja, men det er ikkje kvar dag vi får besøk da"
Eg vil ikkje seie at vi har "besøk" meir innvandering.
Håper ikkje at dette skjer kvar dag fram til onsdag! (dei skal reise heim på onsdag)
Synst det er nukk å høyre at naboen ser på fotball, men når tv`n her er høgt på og roping... Akkurat no ønska eg at eg har tatt billappen og da skulle eg ha kjøyrt meg ein lang tur, veldig lang tur, vekk fra alt bråket!
*sukk*
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar