lørdag 5. juni 2010

Det går som det vanlege...

Har eigentleg ikkje noko vetig å blogge. Eg har funne ut at eg må kunne bedre svensk når eg skal ta lappen her.. Var innom ein slik nettside som eg kunne ta ein slik test for å skjekke om eg bestod eller ikkje.. :S eg strauk, noko av spm skjønte eg ikkje, viste ikkje kva dei orda betydde, so dei måtte eg berre tippe på.. Trur eg må kjøpe ein ordbok altso! :p

Ellers vokna eg opp i natt/dagtilig at Lars boksa meg fleire gonga i ryggen, spesielt på venste skulderblad, der eg virkelig har vondt. Eg bråvokna og snudde meg rundt, da vart Lars mildt sakt forbanna og snudde seg og sov vidare. Lurar på kva han drøymde om, og event. lika han meg ikkje lengre sidan han slår meg? :O Han viste jo godt at eg hadde store smerter i den skuldera.. Og by the way; er det noko rart at eg har problem med ryggen??

Skal bort til svigers i dag og rake oppatt det eg har bissa i går. Jørn er på jobb og mora er på østlandet. So no kan vi arbeide litt i fred og "slappe" av litt.
På Davik so får eg ikkje lov å bruke noko som har motor i. Pappa og bestefar har ikkje trua på at eg skal klare det. Merka eigentlig fort på meg sjølv at eg blir faktisk ein del pinglete når eg skal prøve noko nytt, sidan eg ikkje har "fått lov" til slikt tidlegare.
I går stilte eg opp med lilla gummistøvlar med kvite prikkar på(dei eg fekk fra mamam og pappa sist eg var på Davik), ein grå harems-shorts (som egentlig ser ut som eg sagga med), ein lilla topp og lange øyreringar. Såg sikkert snasen ut, for toppen og støvlane matcha! (Grunnen til eg var kledd slik, var at eg var nettopp komt heim fra Arvika fra ein møte, men da hadde eg ikkje støvlane på, og en anna topp uta på der igjenn.)
I den sexye påkledninga klipte eg heile plenen med plenklippar med MOTOR i!! :p Etterfult å bisse rundt gjerdet. Har aldri fått bissa før, men synest det gjekk faktisk ganske so bra til å vere den første gongen :) Slengte på litt musikk på øyra og gjekk og sulla for meg sjølv. Men i dag er eg totalt gåen i armane. Kven skulle tru det etter par timars arbeid? :O Eg får KREFTER!! :D

Nei, MP3`en er vel ferdig opplada, so no kan eg gå bort og begynne :)

2 kommentarer:

tutta sa...

Og ja pappa: du kjem til å få høyre slikt resten av livet! :p

hajal. sa...

Ja det forstår eg..... so flinke du har vore då!
Gratulerer med motorisert drift! :D

Følgere