fredag 13. august 2010

fredag den 13

Ja so var den dagen komt da..
Kva skal eg fortelle om i dag da? At vi henta dattera til Lars i Tønsberg eller "døypinga" av bilen? Eg måtte berre le mykje i natt!

Vel, får vel berre begynne på toppen..

Først for vi til Tønsberg for å hente dattera til Lars i ca 1-2 tida i natt, ho ville ikkje vere i Tønsberg og vile vekk litt. vi for og henta ho og tok en tur tilbake til Sandefjord. noke som skulle bety problem. Først so tordna og lynte det kaftig, det gjorde ingen ting, for ingen av oss hadde imot torden. So vi for opp på fjellet i Sandefjord for å få god utsikt. Men etter kvart ville vi ha ein røyk kvar, å siden det regna so fælt måtte vi finne tak. Da for vi ned til sentrum og fant eit tak vi kunne stå under. Skal sei at d pøste ned som berre det, hadde utrulig dorleg utsikt og såg nesten ikkje kor vi kjøyrte henn på veien.

Rundt 4 - halv 5 sa det plutselig bilen stopp, motoren drukna. Vi hadde da havna midt i det djupaste vanndammen på veien, og ein bølge kom over panseret, rett forran ein rundkjøyring! :S
Å der satt vi. Trailarar kjørte for bi oss, og det skvulpa underbilen, bilen gynga som ein båt og flytta litt etter litt etter kvart bølgene kom. EKKELT!!!

men selfølgelig so måtte eg berre sjå det ironiske med heile hendinga, siden det skjedde på fredag den 13. Og lo og hutra for meg sjølv i baksete! :p

Måtte ringe til 1881 for å få tak i nr til Viking i Sandefjord.
etter kvart kom dei og henta oss, drog oss ut fra innsjøen og lempa oss opp på planen. Kjørte oss til Larvik (siden det var det nærmaste SAAB-verkstad.) og lempa oss av der. Der måtte vi vente i par timar før dei opna opp verkstaden og vi kunne gå inn og få varmen i oss.

So var det å komme heim til Sandefjord da.. Det var jo ikkje berre berre. for det pissregna ute og vi hadde ikkje særlig lyst å gå i par tre km til busstoppet. So vi venta litt til for å sjå ka som skjedde. Der var ein annan kunde som skulle berre fikse noke på bilen sin, og han va veldig pratsom, so han satte seg ned me oss og begyndte å skravle som berre det. Det viste seg at han faktisk budde i Sandefjord-området og kunne svippe oss "heim". :D
Endelig noko positivt som skjedde!!! :D Bilen vår måtte berre stå på verkstaden siden den ikkje ville funke, og dei hadde masse å gjere på verkstaden so vi kom ikkje inn med bilen før vi for heimatte. So no står bilen i Larvik og vi har null peil på kva som faktisk er gale med den. (tragisk!)

no har lars fått sove litt (noko han ikkje har gjort på over 25 timer) dattera har såtte på dataen heile tida og chatta. eg har duppa av litt, snakka med enkelte og er helt sått ut. Det føles ut som det er dagen der på og eg er bakfull!
Døgninga våras i løpet av 26 timar har vi ete 2 gongar, frukost og middag. Ellers har vi ikkje hatt annledning til å ete siden vi satt fast i drittveiret.

So no håper vi berre at det ikkje skjer meir negativt løpet av dagen i dag, og bilen ikkje blir dyr å reparere (om det trengst da..) og at ingen ting er øydelagt med den.

TVI TVI!!!!
ÆSJ for ein dag!! :O

Følgere