Etter ei laaaaaang stund so må eg vel oppdatere bloggen min :) Dataen min er fortsatt ute av drift, so no lånar eg Lars sin for augeblikket. Faktisk er det takka vere min far som gjorde det lettare for meg å finne bloggen min :) (Er ikkje altids like lett å finne sidene mine.. ) :p
Ja kva skal eg starte med då?
Desember: har laga smultemenn - dei vart faktisk GODE! hadde ikkje og fann ikkje smultering utformer so eg tok det eg hadde: kakemenn former :) (Bilder kjem ikkje fordi eg ikkje kan legge inn bilder på denne maksina..) men desverre so holdt dei ikkje lengre enn 10 dager, fordi eg ikkje hadde fått beskjed at kakeboksen skal vere 110% tørr. (selfølgeleg so hadde eg tørrka kakeboksen før bruk med kjøkkenpapir med litt vatten på for å få vekk smusset som var i den)
Ellerso har det vert litt stress å finne julegaver til enkelte, merkeleg nukk etter å ha X-antall med butikka rundt seg so fann eg ikkje det eg var på utskikk etter. Men alle fekk jo ein gave til slutt :) i fjor har eg vert i dårleg julestemning, bare fordi eg viste at eg ikkje fekk pinnekjøtt på julafta, so pinnekjøttet fekk eg ikkje før på nyttårsafta.. å den vart god den og, men er ikkje det samma som man får heime på Davik! Alt var liksom feil, mangler folk, mangla div tilbehør, mangla den rette lukta, stemninga, lyset osv. Men når eg åt pinnekjøttet so sa eg til Lars: "No kan jula begynne!!"
Ja, jula har vert ein skikkelig stress periode! Med kjøyring fram og tilbake, pynting, julehandel, pakking av gaver, sending av gaver, tili opp og seint i seng nesten kvar dag. først no eg kan faktisk slappe av litt og ta ein cowboy strekk når eg vil..
I jula var vi alle sammen på Lars sin side untatt Jørn, han var på jobb på platforma.
På julafta fekk vi svineribbe med tilbehør, - INGEN pinnekjøtt nei, det fekk eg ikkje lov til å ete, fordi det "stinker" so.. Svineribba var jo god, men det er ikkje jul i den maten nei.. Er jo som vanleg søndagsmiddag for meg..
Men jula har ikkje berre vert negativ da, fekk jo ein del med gavar :) :p hehe
Den beste gåva var faktisk fra Tone og Hannu: Ei prinsesse! vart litt seint ute til julafta men bedre seint enn aldri! :D (for dei andre som ikkje er i familien og veit alt; Solveig vart fødd natt til søndag 27. desember, og Tone hadde termin den 26!)
ja denne jula so har det gått rundt for alle, alle har kalt meg for Cecilie, Tale eller eit anna navn, og omvendt me dei, bla pappa har skreve at "Silje og Hannu har likt...." -ehh.. Silje og Hannu..? Og da skreiv eg tilbake: "Det er bra at Silje og Hannu likte.."
men pappa tok ikkje hintet.. :p Til og med Lars har kalt meg for Cecilie en del gonga.. so det har no vert litt humor i jula :)
Ellers so er eg fortsatt arbeidsledig, var ein jobb på senteret på B-young meina eg, men den har eg ikkje fått kunne søkt på pga dataen min, og denne maskina som Lars låna har ikkje skriveprogram. Men når dataen min er blirr friskemeldt so skal eg begynne å søke på jobber, har funne ut at hobbybutikk er tingen for meg, desverre so kjem eg ikkje til å ha tida til å betjene kundane so mykje, men det er ikkje det viktigaste heller :p Det viktigaste er at eg har det gøy på jobb! :D
i det siste so måtte vi avstad til Norge for å kjøpe ormekur til Sid og gass til oss. (gass til ovnen) det har vert so iskaldt her i det siste at til og med Lars har komt under teppet når vi har sitte i sofaen, å da er det virkelig kaldt! :O
Eg får skrive meir når eg ikkje er på farta.. Skal ut å handle litt mat tenkjer eg,
kansje det kjem meir løpet av kvelden? :)