torsdag 22. oktober 2009

oppdatering men uten bilder

Ja, no sitter eg her utan nett og skriver til eg får legge det inn når vi låner nett me svigers.. :)

Vel, kva skal eg skrive? Er vel mykje å skrive om..

LEILIGHETA: eit soverom, ein inne-bod + det vanlege: stova, kjøkken, yttergang og innergang.. ja og so har vi ein bod som er ute.. Leilegheita her er faktisk litt mindre enn den vi hadde i Vågsvåg, men virka MYKJE større! Er jo litt kjedelig at ”kontoret” er flytta inn på soverommet, men det er vel berre ein vanesak vil eg tru J

Veggane her er berre gips eller mur, so det er litt vanskeleg å henge opp ting enkelte plassar, slik som seila vi har i gangen siger ned heile tida, der har vi prøvd å bore hull i muren, men vi ga opp, so der har vi berre brukt dobbelside-teip inntil vidare. Vi har lagt ein plan på kordan vi skal løyse det da, men det trengst ein betre båremaskin enn den vi har no..

Kjøkkenet er litt gamaldags, litt smågrufulle fargar på kjøkkenskapa, men dei er eigentleg ikkje so gale når man først har blitt vandt med dei :p hehe.. Kjøleskap og frysar er gamle, men dei fungera utruleg godt! Frysaren er laaaaangt under 20 minus og kjøleskapet kan komme nesten ned i 0-punktet.. steikeomnen er ganske so ny ve vi tru.. han gamle som budde her før har i alle fall ikkje brukt steikeomnen, berre platene, for når vi såg inni so var det ikkje tatt vekk papp som følgde med omnen! :p hehe

Men FYYYY søren so skjete heile leilegheita var når vi kom.. Dei hadde ”vaska” her 2 gongar sa han som har med utleige å gjer.. Neppe at dei har vaska her..!! Å da kom det godt dei bursdags-pengane eg fekk med bestemor og bestefar! Dei gjekk til JIFF mopp J hehe

Badet, vel kva skal eg skrive der da… Hmmm… På badet so måtte eg spyle so og sei alle veggar før eg vart fornøgd. Skrubba golva par gonger og spylt over, skrubba sluket og ikkje minst doen, men dei merkene vi har i doen får vi dessverre ikkje vekk.. Det er mørkebrunt i bunnen, forferdeleg å sjå på, men eg har verkeleg prøvd å skure det vekk!! So det skal vi klage på til han Gjert Ove som han utleigaren heiter.. skal spør om vi kan få ein ny doskål! Stikkontaktar finst det ikkje på badet (!!) so når vi skal vaske litt klede som vi ikkje vil ha ut i tvettstägan (felles vaskerom) må vi ta ein leidning frå kjøkkenet eller gangen og koble vaskemaskina til der :p på badet var det eit badekar, men den ligg no ut i boden, for den har vi ikkje plass til dessverre! L So har vi hengt opp eit nytt speil-skap over vasken, for den gamle som hag der var berre grufull og stygg.. men når vi var på Ikea første gongen og kjøpte den, so tok vi med feil heim og etter vi pakka den opp og skulle til å montere den, fann vi ut at det var slik som skal vere under vasken i staden for.. arg! Men hadde vi ikkje tatt feil, so hadde vi ikkje heller merka at vi hadde betalt dobbelt for den (!) so neste dag trur eg det var, so måtte vi ned til Ikea igjen og forklare kva som har skjedd… vi fekk lett bytte den vi hadde kjøpt, men å få igjen for den vi ikkje hadde, det var litt meir problem med.. da skulle dei skjekke i sikkerheitskamera og ta kontakt med oss når dei har fått gjort det.. enga ikkje høyrt noko frå dei.. men so bur vi berre ein time unna so vi kan lett fare dit og purre meir på dei.. for det er jo sure pengar!

Boden ja, liten men greiJ Der har vi plassert det meste av klede, so det har blitt ein slik ”walk-in-closet” eg kunne lett brukt det til berre mine klede, hadde kanskje blitt forsatt litt trangt der, men stakkars Lars må jo ha kleda sine der og..

Ja, elles so måtte vi investere i ein gassomn, for her kan det bli lett under -20 grader om vinteren og det trekk ein del frå vinduar og dører.. vifteomnen dreg mykje strøm og blir so fort tørr luft her, so det er ein eingongs investering vi har kjøpt (unntatt gassen, men den er ikkje so dyrt å fylle på) J

Naboar: vi har jo heldigvis berre to naboar vi kan forholde oss til da.. Ein svenske oppe som er berre heime i helgane (jobbar i Norge) som likar å feste..

Han til sida er ein Nordlæning, lika å kommentere eit eller anna kvar gong han ser oss.. Virka ganske grei han.. Men han har ein jakthund da.. Blir spennande kordan Sid reagerar på hunden.. Men hunden er veldig lydig og snill J So lenge katten er roleg, er hunden og roleg.

Ja, det er ein del kattar her. So Sid har ein del jobb å gjer når han kjem :p hehe

------------------------

22.10.09

Ja i dag har den nye skobutikken her opna, den eg hadde søkt jobb på men dessverre ikkje fått noko svar tilbake. Måtte jo kjøpe meg par lange støvletter uten høge hela som eg kan da gå litt me uten å bli helt gåen i føtene for 399,- svenske.. MASSE fine sko der ja! Det var frå svigers ( fekk bursdagspenger)

Elles veit eg ikkje so mykje akkurat no.. Prøver å oppdatere meg på nettet mens eg har mulegheiten da :)

Ja bilder av leiligheta kjem når vi får oss eigen nett ;)

Følgere